Gode rutiner for sortering av landbruksplast er heilt naudsynt

- Da finst ikkje orsaking for ikkje å ha gode rutiner for sortering av landbruksplasten seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Ole Bjarne Hovland. Den jobben må vi berre gjere! Gjerne samstundes med at plasten vert teken av rundballen.

- Vi har fått attendemelding frå inntransportør av plast om at ikkje alle gjer jobben godt nok. Då vert ikkje plasten henta. Da ynskjer vi ikkje seier ein tydeleg Hovland.

- Lag deg gjerne eit system der du har ein kasse til kvit plast og ein kasse til nett. Nett er restavfall medan plasten skal samlast inn til attvinning.  Dessutan skal farga plast sorterast for seg og storsekkar, også kalla PP sekk, skal for seg. Verre er det ikkje, held Hovland fram med eit smil. Det handlar om å lage seg gode rutiner på staden der plast og nett vert løyst frå grovforet i rundballen, avsluttar Hovland. 

OMLAG SLIK VIL TRANSPORTØREN  HA DET:  Kvit plast for seg, farga plast for seg og sekk for seg.  Ikkje andre ting på plassen.

SLIK VIL VI IKKJE HA DET !!   Døme på dungar på samleplassar som ikkje vart henta no i vår. Her er det netting, farga plast og anna om eitt anna…

Forrige
Forrige

100 innsamlere tar imot landbruksplast gratis

Neste
Neste

Bionedbrytning av bionedbrytbar plast