Plast plast plast

Grei fangst frå ryddeaksjonen til Selje og Stadlandet Bondelag.

Selje og Stadlandet Bondelag har gjennomført plastryddeaksjon i sitt nærområde. 8.mai 2021 samla medlemmar i Selje og Stadlandet Bondelag seg for å ha ein plastryddeaksjon i sitt nærområde. - Det var ein kjekk dag der me fekk rydda mykje plast og samtidig vere litt sosiale saman, seier leiar i Selje og Stadlandet Bondelag, Svein Per Ervik. Etter dei var ferdige med ryddeaksjonen vart det sosialt samver utandørs, i tråd med smittevernsreglane. 

Både små og store var i aksjon for å få rydda vekk plast og anna boss som ikkje høyre heime i naturen. Gjengen hadde perfekt vêr for både plastrydding og grilling. 

Forrige
Forrige

Gratis innsamling av komprimert rundballeplast i 2022

Neste
Neste

Plast som er laget for å forsvinne: Webinar om bionedbrytbar plast.