Vestland Bondelag utfordrar lokallaga

Styret i Vestland Bondelag utfordra lokallaga til å ta del i den
store vår-dugnaden med å rydde plast i nærområdet sitt. Det er fint om oppryddinga skjer i veke 19, då blir det fint til 17.mai. Våren er ei travel tid, og om det ikkje høver den veka er det lov å finne eit anna tidspunkt. Lokallaget får 5.000 kr i tilskot til ryddedagen.

Vi er spesielt opptatt av plast på avvegar. Den heng kanskje oppe i eit tre eller på eit gjerde, og har ein lei tendens til å ende i bekkar og elvar. Dette er ikkje berre stygt, men utgjer ein fare for dyrelivet og gir landbruket eit svært dårleg rykte. Bonden har sjølv ansvar for å rydde eigen gard, og av det totale forbruket landbruksplast vert det aller meste samla inn. Den lille delen som kjem på avvegar er derimot svært synleg, og vi ynskjer no å setje fokus på å rydde opp det som har hamna i naturen. 

Ryddegjengen frå Omvikdalen Bondelag/Kvinnerad 2021. Foto: Omvikdalen Bondelag

Forrige
Forrige

Hybridseminar: Landbruksplast i jord og vann.

Neste
Neste

100 innsamlere tar imot landbruksplast gratis