Plastinnsamling i Sola kommune

Laurdag 10. juni 2023 kan bønder i Sola kommune igjen levere inn landbruksplast til gjenvinning utan kostnad. Innsamlinga i mars førte til heile 28,9 tonn innsamla plast!

Foto: Mona Aksdal.

Mottaket er ope frå 10.00 til 12.30 i Joavegen, lageret til Sola kommune.

Tiltaket er eit samarbeid mellom Skjalg 4H, Sola Bondelag og Sola kommune. Innsamlinga er organisert som dugnadsarbeid, og sparar bonden betydelege utgifter til avfallslevering.

Alle som nyttar seg av tilbodet blir oppmoda til å vise omsyn og sortere/levere plasten på ein slik måte at den er lett å handtere vidare. Sjå meir informasjon på Facebook-hendinga til Skjalg 4H!

Forrige
Forrige

Bønder etterlyser alternativer til plast

Neste
Neste

Markdagen på NRK Radio